Loading

Først kom nettbrett til skulen. No tek regjeringa til orde for at nettbretta bør ut. Leiar i Skolelederforbundet, Mona Søbyskogen, meiner politikarane svarer på PISA-fallet med raske grep, og gløymer å spørje dei som faktisk jobbar i skulen.
Resultata rasar. Elevar blir ekskluderte i hopetal. PISA-resultata vart nok eit sjokk, likeins det første PISA-sjokket i 2001, og førre botnnivå i 2022.
Skjermbruk i skulen, sosiale medium, foreldresvikt, lærarsvikt og politikarsvikt. Nittitalet ringde med si favorittforklaring for «late ungdommar», gaming. Alt har nyleg blitt brukt som forklaring på kvifor PISA-resultata til norsk ungdom sviktar. Politikarane er ute med metalldetektoren sin for å finne ut kva hastetiltak som må til for å betre ståa.
Les meir: 1 av 10 elevar utelatne frå PISA-testen: – Reglane blir strekte langt utover det som er tillate
Søbyskogen seier til Filter Nyheter at det kan vere fort å gløyme kva PISA-testen også viser.
Ho meiner det får for lite merksemd at PISA viser at den norske skulen jamnar ut sosiale skilnader, og at PISA-resultata gjenspeglar fellesskulen, som det er brei politisk semje om. Dei norske resultata viser at sosial bakgrunn har mindre å seie enn i dei fleste andre land.
– Det er mindre skilnader mellom skulane i Noreg enn i land vi samanliknar oss med. Vi har ikkje A- og B-skular i så stor grad, og elevane som kjem frå heimar med sosioøkonomiske utfordringar, skil seg ikkje tydeleg ut som i andre land.
Eit anna punkt ho meiner får for lite plass i debatten, er motivasjon. Motivasjonen som blir målt handlar om kor interesserte elevane er i å lære, om dei likar skulearbeidet og om dei gler seg til å gå på skulen.
Utdanningsdirektoratet måler dette kvart år i Elevundersøkinga, og 10. trinn kjem dårlegast ut. Tiandeklassingane som tok PISA-testen, svarte i Elevundersøkinga hausten 2024 at berre 27 prosent likte skulearbeidet godt eller svært godt, mot 40 prosent i 2018. Berre 42 prosent gledde seg til å gå på skulen. Det er eitt av dei lågaste tala som er målte i undersøkinga. Året etter kom ei lita betring.
– Vi måler jo uthald, men snakkar ikkje om det. Motivasjon og uthald. Det er denne som er synkande, og å betre denne er nøkkelen for å betre resultata.
Norske elevar vurderte innsatsen sin på PISA-prøva til 6,7 av 10 i 2025, mot 7,4 i 2018, ifølge PISA-rapporten. Det er lågast av alle nordiske land. OECD-snittet er på 7,1.
Like før PISA-resultata kom i september, la Fellesskoleutvalget fram utgreiinga si (. Ho drøftar dagens problem i skulen, og kjem med konkrete tiltak for å heve kvalitet og resultat.
NOU-en viser mellom anna til at lærarar og skuleleiarar opplever at omsynet til individet får for mykje vekt, på kostnad av fellesskapet.
– Mykje meistring og læring er knytta til å stå i ubehag og kome seg over ei hindring. Å styrke fellesskapskjensla og å lære elevar å stå i ubehaget er noko vi kanskje bør løfte, seier ho.
Frå 2014 og utover tok nettbrett, i form av ipad, skikkeleg rennefart inn i dei norske skulane. Med Apples undervisingsverktøy i ryggen skulle norsk undervising digitaliserast. Det var både entusiastar og skeptikarar den gongen. Ein professor i pedagogikk ved Universitetet i Innlandet, Geir Haugsbakk, vart stempla som , fordi han var skeptisk til innføringa av nettbrett.
No? No vil fleire politikarar få minst mogleg teknologi i skulen. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun varsla «kraftfulle grep» etter resultata, og at satsinga på nettbrett og andre digitale ressursar har vore kunnskapslaus. Det same gjorde statsminister Jonas Gahr Støre, som knytte «ipad for alle elevar» og digitalisering til resultatfallet.
– Korleis kjennest det at politikarane no kritiserer ei satsing dei sjølve stod bak, til trass for åtvaringar?
– Det er eit gnistrande godt eksempel på politisk detaljstyring. Eg kan hugse kor mykje pengar som vart overført til kommunane, og øyremerka til kjøp av digitale verktøy for elevane, seier Søbyskogen.
Å gå heilt tilbake til tida før vil vere å gjere same feilen på nytt, meiner ho.
– Å droppe det digitale er å gå frå eine grøfta til den andre. Det er det vi er i ferd med no, om vi kastar alle digitale læremidlar ut av skulane igjen, og berre går tilbake til fysiske bøker. Då gjer vi den same feilen igjen, og det er jo klassisk.
Politisk styring på lokalt nivå er også eit problem, meiner ho. Søbyskogen har medlemmar i Skolelederforbundet som opplever at kommunestyret deira plutseleg vedtek leksefri skule.
– Då blir det fort: «Oi, vi gløymde å spørje dei som faktisk jobbar i skulen».
– Og det er kanskje litt der eg synest at norske politikarar er for langt inne i grauten til å gi veldig konkrete innspel til kva lærarane skal gjere i klasserommet til ei kvar tid, og det blir fort veldig kortsiktige tiltak.

Regjeringa foreslår å bruke nær ein på smågrupper på første, andre, femte og åttande trinn. Søbyskogen meiner det er eit kortsiktig grep.
– Dette går direkte inn i undervisinga, utan at ein har gjort den grundige jobben med fagplanane først, seier ho.
I staden meiner ho politikarane bør hente argumenta sine frå NOU-en, fagmiljøa og læreplanverket LK20, som vart innført i 2020.
– Kunnskapsgrunnlaget må kome frå fagmiljøa, ikkje frå opinionen. NOU-en må ikkje verte lagd i ei skuffe, seier ho.
– Det må ikkje verte ei valkampsak å forbetre skulen raskt. Vi må ha ein god og djupt forankra jobb med å heve kvaliteten.
Som leiar for Skolelederforbundet meiner ho at å styrkje leiinga på skulane er eitt av dei viktigaste grepa som kan gjerast.
– Leiarar har altfor mange oppgåver på bordet, og må få meir tid og handlingsrom til å prioritere pedagogisk leiing. Kompetanse og tilgang på vidareutdanning er også veldig viktig.
Samtidig åtvarar ho mot å svinge for langt i motsett retning.
– Vi bør ikkje hoppe inn i puggeskulen att. Då mistar vi mykje av fellesskapet vi har.
Når det gjeld eksklusjon, at elevar som er trekte ut til testen, ikkje tek han, er årsaka avhengig av kven du spør. Internasjonale forskarar meiner nordiske land, som Noreg, er for lemfeldige i korleis dei praktiserer kriteria for eksklusjon. Utdanningsdirektoratet (Udir) og Universitetet i Oslo, som har ansvar for PISA i Noreg, meiner det er gode grunnar til at færre deltek.
Dei meiner uansett at dekningsgraden, altså kor stor del av årskullet testen fangar opp, er så høg at resultatet ikkje er misvisande, sjølv om éin av ti ikkje deltok.
– Umiddelbart tenkjer eg på mine eigne erfaringar frå der eg jobba før. Mangfaldet der er stort, og om ein tek eit tiandetrinn og følgjer dei tre punkta for eksklusjon PISA gir, så er det fort oppe i den prosenten vi ser nasjonalt i 2025, seier Søbyskogen.
Søbyskogen meiner difor at Udir si forklaring stemmer godt. Det har kome fleire elevar med psykiske vanskar, lærevanskar eller svake språkkunnskapar. I 2025 var det mellom anna mange nyankomne elevar, som ukrainske flyktningar.
Søbyskogen seier det ikkje er nokon gevinst for ein rektor å frita elevar, fordi skulane aldri får tilbakemeldingar på testen. Ho trekk fram behovet for å sjå etter elevens beste.
På nasjonale prøver, som har mildare reglar, får elevar lesestøtte. Det får ein ikkje på PISA, som også varer i nesten tre timar.
– Så eg trur ikkje vi tøyer reglane for eksklusjon for mykje når ein får den prosentsatsen vi har fått heller.
Fleire land går over OECD-kravet om maks fem prosent eksklusjon i PISA. Seks av 81 land, Noreg inkludert, får i PISA-rapporten merknad om usikkerheit i elevutvalet.
– Andre land vi likar å samanlikne oss med, har mindre eksklusjon. Psykiske vanskar og innvandring er jo også vanleg der, vel?
– Eg kjenner ikkje så godt til desse landa med tanke på spesialskular og alternative opplæringsarenaer, som vi har i liten utstrekning i Noreg. Men det er jo ein kulturskilnad her. Om uthald, motivasjon, å stå i ubehag, som andre land er tøffare på, og som eg meiner vi sikkert kan lære av. Samtidig er lovfestinga av elevens beste noko vi skal hegne om.
Bruk av kunstig intelligens (KI) har sett. Fleire som har kritisert KI-bruk til tekstar, har sjølve . Aviskommentatorar, som VGs Astrid Meland, meiner det bør vere lov med . Andre, somvil ikkje ta imot KI-skrivne tekstar, uavhengig av kor mykje folk meiner dei står inne for det som står der.
– Fleire meiner KI gjer deg . At elevar brukar det som hjelpemiddel til skulearbeid, anten heime eller på skulen, er sannsynleg. Er du redd for framtida?
– Med forslaga som skal endre norske læreplanar, som formuleringa «ytterst varsom med å bruke digitale verktøy på 1.–4. trinn», håpar eg at å vere «ytterst varsom» ikkje betyr at ein ikkje skal lære seg om, eller å bli kritisk eller bevisst. Då blir eg bekymra. Vi er nødt til å oppretthalde funksjonen skulen har. Vi har elevar som har tilgang på KI utanfor klasserommet, og dei som ikkje har det.
– Så det viktigaste er at dei lærer seg å vere meir kjeldekritiske enn før?
– Det svaret du får av ein KI, er ikkje nødvendigvis det sanne svaret. Så å lære seg å vere kjeldekritisk, samanlikne med trykte læremidlar, og ha dei gode samtalane om kor ein finn lærestoffet sitt og kva det faktisk er, er viktig. Her trur eg skulen har ei nøkkeloppgåve framover.